Designpris til Bybanen: Sjeldan godt handverk

Bildet syner den gjenkjennbare oransje skive som er på haldeplassen ved Haukeland kor ein kan kjøpa billettar
Gjenkjennelsesfaktoren for bybanen er stor trass 30 meter under bakken. Arkitekt og designgrepa har gjort dette mogleg. Foto: Alex Coppo

Design og arkitektur Norge (DOGA) sitt anerkjende merke for det beste innan norsk design og arkitektur er tildelt Haukeland sjukehus holdeplass og Bybanen Utbygging.

Kvalitetar i bybaneprosjektet vert lagt merke til. Tysdag vart det kjend at det anerkjente DOGA-merket er tildelt Bybanen Utbygging i lag med samarbeidspartnare som har planlagd og bygd Haukeland sjukehus haldeplass.  

- Dette er utruleg kult! Eg er slett ikkje overraska at dei dyktige folka våre i Bybanen Utbygging mottar dette anerkjende designmerket. Heile området er elegant og moderne, og det blir løfta av kunstverket «Melkeveien» på Bybanestoppet. Bybanen sin profil er blitt eit kjennemerke i Bergen og dei har klart å behalda kjennemerka 30 meter ned i bakken. Vestland er opptatt av innovasjon, brukardesign og mobilitet, og på Haukeland sjukehus holdeplass har dei vi fått til dette i ei vanvittig bra pakke. Denne prisen er ei velfortent anerkjenning av fagmiljøet vårt, seier ein stolt fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylkeskommune.

Juryen si skildring av haldeplassen som ein katedral synes Askeland er treffande: 

Storslagent, vakkert, som ein katedral,- alt dette passar til nummer 1-byen Bergen! 

Biletet synes folk som sit på benkane på haldeplassen Haukeland medan bybanen kjem i sporet mot Fyllingsdalen.

Fagleg anerkjenning 

Bybanen Utbygging mottek prisen i lag med samarbeidspartarane i Veidekke, Sweco Norge, 3RW Arkitekter,  lysdesignbyrået Light Bureau samt Smedsvig Landskaparkitekter. I tildelinga heiter det at prosjekta som mottar DOGA-merket for design og arkitektur er våre fremste førebilete, og viser korleis strategisk bruk av design og arkitektur skapar viktige verdiar for både samfunn, miljø og økonomi.  

– Dette er ei særleg flott fagleg anerkjenning for oss i Bybanen Utbygging og alle dei andre som har bidratt til at prosjektet med Haukeland sjukehus holdeplass har blitt så bra som det er. Det viser bra måloppnåing: At vi har klart å skapa eit godt og trygt sted for folk å reise til og fra og oppleva den gode reisa med Bybanen vår, seier prosjektleiar for design og arkitektur Sølvi Marie Myrseth i Bybanen Utbygging.   

Biletet syner inngangen til haldeplassen når ein kjem i får Haraldsplass, rulletrapp til venstre, heisen i midten og trappar til høgre ned mot perrongen

«Bergens nye katedral» 

Her er grunngjevinga frå juryen :  

Det er noe storslagent ved den underjordiske holdeplassen Haukeland sjukehus som gjør at den med rette kan kalles Bergens nye katedral.   
30 meter under bakken har Bybanen Utbygging lyktes med å skape et vakkert og forseggjort rom basert på behersket bruk av materialer og sjeldent godt arkitekthåndverk. Vi oppfatter stedet som spektakulært, nesten sakralt. Det er elegant utført med varm materialitet og virkningsfull bruk av lys, slik at holdeplassen fremstår som inviterende og menneskelig.    

Det er noe poetisk vakkert over at et sted for kortvarige opphold utføres med en slik omtanke og overskudd som Bergens nye katedral beviser. Bergens nye katedral tildeles DOGA-merket for design og arkitektur fordi det er en viktig påminnelse om betydningen av fellesrommene i samfunnet 

Utdeling av DOGA-merket skjer i Oslo 14. mars 

Bybanen Utbygging er Vestland fylkeskommune sin prosjektorganisasjon til å bygge Bybanen i Bergen og organisasjonen har ansvar for planlegging, prosjektering, grunnerverv,  utbygging og idriftsetting av Bybanen sin infrastruktur i samsvar med politiske vedtak, reguleringsplan, gjeldande regelverk og gjeldande tekniske spesifikasjonar.

 

Kontaktpersoner i Bybanen Utbygging 


Sølvi Marie Myrseth - Prosjektleiar for arkitektur og design
Epost: solvi.marie.myrseth@vlfk.no

Camilla Einarsen Heggernes - Kommunikasjonsrådgiver
Epost: camilla.einarsen@vlfk.no
Tlf: 90 55 60 50