Hopp til hovudinnhald

Kven er vi i Bybanen Utbygging?

Testkjøring av nye linje 2 langs Mindemyren i 2022. Foto: Iver Daaland Åse

Vårt oppdrag er å detaljplanleggja og bygge Bybanen i Bergen etter vedteken reguleringsplan. Det er også vi som finn dei beste entreprenørane til å bygge for oss. Akkurat no er oppdraget vårt å detaljplanleggja og forma Bybanen frå Sentrum til Vågsbotn i Åsane.

Om oss

Bybanen Utbygging er ein prosjektorganisasjon i Vestland fylkeskommune. Vi har ansvar for erverv, prosjektering og bygging av Bybanen i Bergen - frå vedtatt reguleringsplan til overlevering av ferdig bane til driftsorganisasjonen Bybanen AS. I november 2022 opna vi linje 2  - Fyllingsdalen til sentrum via Haukeland.

Kontorstaden vår er på i det nye Vestlandshuset i Lars Hilles gate. Vi er ca 40 medarbeidarar og er ei eining i avdeling for Eigedom og Utbygging i Vestland fylkeskommune. Vi held både til i 6.etasje i det som kalles sørtårnet og nordtårnet sit vi i 5. etasje saman med vår prosjekterande.  

Vestland fylkeskommune har ansvar for den samla kollektivtrafikken i fylket. Fylkeskommunen er tiltakshavar, eigar av anlegget og ansvarleg for teknisk drift av Bybanen. Dette omfattar også forvaltning av jernbanelova sine krav til risiko og tryggleik. Fylkeskommunen har brei deltaking inn i bybaneprosjektet, og mange avdelingar i fylkeskommunen vore involverte gjennom tett dialog undervegs i prosessen med reguleringsplan og no vidare i detaljplanlegginga av Bybanen til Åsane.

Fylkeshuset i Bergen, bilete tatt med drone