Leverandør

Vi inviterer deg som leverandør og med din kompetanse til å bli ein del av den gode reisa med Bybanen til Åsane.

Kontraktstrategi for Bybanens byggetrinn 5 til Åsane 

 

Vestland fylkeskommune ved Bybanen Utbygging byggjer Bybanen i Bergen. No arbeider vi med byggjetrinn 5, frå Kaigaten i Bergen sentrum til Vågsbotn i Åsane.

 

Å byggje bybane gjennom ein by er eit stort og komplekst oppdrag. For å lukkast er vi avhengige av dyktige rådgjevarar, entreprenørar og leverandørar som deler ambisjonane våre om berekraftige, sikre og effektive løysingar.

På denne sida finn du informasjon om prosjektet og den førebelse kontraktstrategien for byggjetrinn 5, mellom anna planlagde kontraktar, gjennomføringsmodell og korleis vi ønskjer å samarbeide med marknaden.

 

Målet er å forvalte ressursane effektivt og byggje mest mogleg bybane for pengane.

 

Leverandørane våre skal møte ein profesjonell og ansvarleg byggherre med høge ambisjonar og tydelege forventningar til langsiktig samarbeid.

 

Informasjonen er basert på dagens føresetnader og kan bli endra som følgje av vedtak om mellom anna regulering, finansiering og prosjektomfang. Vi oppmodar derfor rådgjevarar, entreprenørar og leverandørar om å abonnere på sida for å halde seg oppdaterte.

 

Kontraktstrategi

Prosjektet omfattar eit breitt spekter av kontraktar innan prosjektering, byggje- og anleggsarbeid, tekniske fag og spesialiserte leveransar. Kontraktstrategien er utvikla for å sikra effektiv gjennomføring, god usikkerheitsstyring og mest mogleg infrastruktur for pengane som skal investerast.

 

Dette har vi tenkt å få til gjennom å invitere inn nasjonale og internasjonale rådgjevarar, entreprenørar og leverandørar allereie nå i førebuingsfasen til å diskutera og løysa.

 

Det nye for dette byggetrinnet er at Bybanen Utbygging vil nytte oss av totalentreprisar på en del av grunnarbeidet. I tillegg vil vi også gjennomføre nokon samspillskontraktar for dei mest komplekse og omfattande kontraktane vi skal inngå. På denne måten ønsker vi å auke samspelet mellom dei ulike partane i prosjektet, få tydeleggjort og avklart grensesnitt tidleg.

 

Vi inviterer entreprenørar, rådgjevarar og leverandørar til å setja seg godt inn i planane våre og vurdera korleis de kan bidra til å skapa Den Gode Reise med Bybanen til Åsane.

Skisse over Åsane terminal med bybane

 

Eigar av Byvekstavtalen og Miljøløftet i Bergen

 

Byvekstavtalen og Miljøløftet er eit samarbeid mellom staten, representert ved Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. Partane har eit felles ansvar for å planleggje, finansiere og gjennomføre tiltak som skal bidra til eit meir miljøvenleg transportsystem i Bergensområdet.

 

Samarbeidet omfattar mellom anna satsing på kollektivtransport, Bybanen, sykkel- og gangtiltak, og skal bidra til å nå nullvekstmålet for personbiltrafikken i Bergen. 

 

Vestland Fylkeskommune, Eigedom og Utbygging og Bybanen Utbygging

 

Bybanen Utbygging er Vestland fylkeskommune sin gjennomføringsorganisasjon framtidige byggetrinn, vogninnkjøp og ombyggingar. Bybanen Utbygging er en seksjon som høyrer til avdeling for Eigedom og Utbygging. Dei fleste oppdraga vi utfører kjem frå Miljøløftet og blir finansiert gjennom Byvekstavtalen.

 

For tida på går følgande oppdrag og prosjekter i Bybanen Utbygging:

  • Førebuing, planlegging og utbygging av byggetrinn 5 – Bergen sentrum – Vågsbotn
  • Innkjøp av nytt vognmateriell til byggetrinn 5
  • Ombygging av eksisterande bybane infrastruktur
  • Riving av Sølvvarefabrikken og oppbygging av areal ved Nonneseter haldeplass
  • Bygging av Storavatnet terminal

 

Byggetrinn 5 av Bybanen til Åsane er for tiden det største enkeltståande prosjektet i Miljøløftet og dette prosjektet vil gi det størst bidraget til nullvekst i biltrafikken for Bergen

 

Førebuing, planlegging og utbygging av byggetrinn 5 – Bergen sentrum – Vågsbotn

 

Reguleringsplanane for Bybanen til Åsane, hovudsykkelruta og forlenginga av Fløyfjelltunnelen til Eidsvåg blei vedtekne av Bergen kommune i 2023. Planane er utarbeidde av Plan- og bygningsetaten, medan Vestland fylkeskommune ved Bybanen Utbygging og Statens vegvesen har ansvar for førebuing, planlegging og utbygging av prosjekta i byggjetrinn 5.

 

Bybanen Utbygging har ansvar for grunnerverv, prosjektering, innkjøp, utbygging og overlevering av infrastrukturen for Bybanen og sykkelstamvegen mellom Bergen sentrum og Vågsbotn. Vi byggjer òg for andre infrastruktureigarar og etatar der det ligg føre godkjend regulering og avtale.

 

Utbygginga omfattar ei stor breidd av fag og entreprisar. Hovudtyngda vil vere tunnel- og grunnarbeid, men prosjektet omfattar òg haldeplassar i dagsone, ein underjordisk haldeplass, kollektivknutepunkt, spor- og baneanlegg, konstruksjonar, veg og gang- og sykkelveg. I tillegg kjem tekniske fag som elektro, signal, telekommunikasjon, ventilasjon, vatn og avløp, samt styrings- og tryggleikssystem. Arbeidet vil involvere ei rekkje entreprenørar og leverandørar frå prosjektering til bygging, testing og idriftsetjing

 

Innkjøp av nytt vognmateriell til byggetrinn 5

 

Med forlenginga til Åsane blir det behov for nye vogner for å sikre tilstrekkeleg kapasitet. Dagens vogntype, Variobahn, blir ikkje lenger produsert. Nye vogner må derfor tilpassast eksisterande bane og infrastruktur, samtidig som nødvendige fasilitetar og tekniske løysingar må kunne handtere både nye og eksisterande vogner.

 

Innkjøpet er ein omfattande prosess som involverer kompetanse innan mellom anna teknikk, vogndesign, drift, vedlikehald og kommersielle forhold. Arbeidet omfattar marknadsdialog, anskaffingsstrategi og tekniske spesifikasjonar, etterfølgt av konkurranse, kontraktsforhandlingar og kontraktsinngåing.

 

Etter kontraktsinngåing skal Bybanen Utbygging og leverandøren samarbeide tett om design, tekniske løysingar, produksjon, testing og godkjenning. Målet er ei berekraftig, framtidsretta og kostnadseffektiv løysing for Bybanen sine transportbehov

 

Ombygging av eksisterande bybane infrastruktur

 

Ombygginga omfattar planlegging, prosjektering, innkjøp og gjennomføring av tiltak på eksisterande bane og haldeplassar for å sikre og forbetre oppetida. Dette kan omfatte spor, haldeplassar, likerettarar, kontaktleidningsanlegg, signalanlegg og andre tekniske system og fasilitetar, mellom anna som følgje av nye driftskonsept og utvidingar av banenettet.

 

Mykje av arbeidet skal gjennomførast med minst mogleg driftsstans. Det stiller høge krav til planlegging, koordinering, testing og tryggleik, samtidig som ordinær drift skal oppretthaldast.

Skisse over det nye byrommet ved Nonneseter

 

Riving av Sølvvarefabrikken - oppbygging av byrom på Nonneseter

Prosjektet starta i 2024 og omfattar riving av den tidlegare Sølvvarefabrikken og etablering av eit nytt byrom som synleggjer historia til Nonneseter kloster, som låg mellom kapellet og tårnfoten på oversida av Nonneseter haldeplass. Bybanen Utbygging har hatt ansvar for planlegging, prosjektering og gjennomføring av rive- og miljøsaneringsarbeid, samt grunn- og overflatearbeid, byromsutforming, etablering av nytt leskur og tilhøyrande tekniske installasjonar.

 

Arbeidet er gjennomført i tett samarbeid med Riksantikvaren, Byantikvaren, Fortidsminneforeininga, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune, og på denne måten har ein klart å skapa nye gode kvalitetar ved Nonneseter.

 

Når prosjektet står ferdig våren 2027, vil Nonneseter bli eit nytt og attraktivt byrom som løfter fram historia om klosterlivet frå om lag 1050-talet. Her blir fortid og samtid samla på ein unik måte, slik at reisande og besøkande kan oppleve eit viktig stykke bergenshistorie medan dei ventar på Bybanen. Ny og gammal tid blir foreina i hjarta av byen.

 

Storavatnet terminal

Prosjektet omfattar etablering av nye Storavatnet kollektivterminal. Sotrasambandet er under bygging og i den anledning skal det etablerast ein ny kollektivterminal på Storavatnet.

 

Prosjektet er et samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen. Bybanen Utbygging gjer oppdraget på vegne av Eigedom og Utbygging som er ansvarleg for bygging og utrustning av kollektivterminalar i Vestland fylkeskommune.

 

Prosjektet omfattar planlegging, prosjektering, anskaffing og bygging av alt inne på kollektivøya. Dette omfattar grunn- og infrastrukturarbeid, tekniske installasjonar, belysning, leskur, sykkelparkering og beplantning. Arbeidet starta i 2025 og vil stå ferdig våren 2027.

 

Vestland fylkeskommune inngjekk våren 2026 ein rammeavtale på leskur og utrustning av kollektivterminalar, kollektivknutepunkt, buss og bane haldeplassar i Vestland. Avtalen forvaltast til dagen av Bybanen Utbygging og med basis i denne er det nå planlagt å bruke denne avtalen for å etablere Storavatnet terminal, venterom på Askøy kai, kollektivterminal Straume, Måløy, Leirvik, mm.

Storavatnet terminal.png

 

Kvalitet i alle ledd - den gode reisa med Bybanen

Bilete av Bybanen på linje 2 mellom haldeplassane Kronstad og Mindemyren

Bybanen skal gi menneska som reiser kollektivt i Bergen ein lettare kvardag. Alt som blir planlagt og blir bygd i samband med Bybanen skal setja brukaren i sentrum. Vi kallar det den gode reisa med Bybanen

 

Aktuelle kontraktar og kunngjeringar frå Bybanen Utbygging

Bybanen Utbygging har hittil inngått følgjande kontraktar for gjennomføring av Byggetrinn 5: 

  • F03 Prosjektering – CORAV (Cowi, Rambøll og Asplan Viak)– varigheit 2023-40 og kontraktsverdi på 1 100 mill NOK. 
  •  F33 Leskur - Johs Sælen – en rammeavtale med varighet 2026-30 + 2 år+ 2 år og kontraktsverdi på 200 mill. NOK
  • F41 Banesignal for Bybanen i Bergen - Stadler Signalling Deutschland GmbH - EPCI-kontrakt for prosjektering, levering, installasjon og idriftsetting av signalsystem, sporvekselstyring og sporvekselvarme. Varigheit 2024–44 inkludert opsjonar og kontraktsverdi på om lag 140 mill. NOK.
  • F85 AF Decom – Rammeavtale på riving og sanering – AF Decom – varigheit 2024–28 +2 år +2 år.
  • F104 Rammeavtale på levering av prosjektleiings-, prosjekterings- og byggeleiingstenester – inngått med 17 leverandørar - varigheit frå 2024-2028 med +2 år+2år med estimert kontraktsverdi om lag 200 - 400 mill. NOK. 
  • V05 Technical Consultant Rolling Stock – Rambøll – varigheit 2025 - 2040 – verdi 25 mill NOK
  • BOB på utleigeformidling- varigheit 2025-28 +2år – 20 mill. NOK

 

Komande kontraktar

Framover vil vi arbeide fram konkurransegrunnlag på fleire kontraktar innan grunn-, tunnel-, betong-, stål-, tekniske entreprisar. Prosjektet har så langt definert og fastsett føljande kontraktsnedbrytning av Byggetrinn 5

Kontrakt  

Fagområde/innhald 

Prekvalifisering 

F42 

EPCI Tele- og driftsstøttesystem 

 

2028 

F43 

Køyreleidning  

2030 

F44 

EPCI Likerettar 

2030 

F45 

Lågspent system 

2032 

F51 

Spor 

2030 

F52 

Sporvekslar 

2029 

F10 

Trafikktiltak sentrum 

2027 

F11 

Grunnentreprise – Bergen sentrum - veg, gate, bane, sykkel, landskap 

2034 

F12 

Tunnel entreprise – Sentrumstunnel – tunnel, sjakt, underjordisk haldeplass, tunnelportal 

2027 

F13 

Grunnentreprise – Sandviken - veg, gate, bane, sykkel, landskap 

2034 

F14 

Grunnentreprise - Munkebotn til Eidsvåg - veg, tunnel, gate, bane, sykkel, landskap 

2034 

F15 

Grunnentreprise - Åsane terminal - veg, tunnel, gate, bane, sykkel, landskap 

2027 

 

Grunnentreprise – Eidsvåg til Åsane terminal - tunnel, veg, bane 

2030 

F16 

Grunnentreprise - Åsane Terminal til Åsamyrane - bane, sykkel, veg, gate, landskap  

2035 

F17 

Grunnentreprise - Åsamyrane til Vågsbotn – bane, veg, tunnel, gate, sykkel, landskap 

2035 

F20-25 

Grunnentreprise sykkel - Bergen sentrum til Vågsbotn - veg, tunnel, gate, landskap 

2030-2035 

Markedsdag presentasjon norsk

Suppliers day presentastion English

 

 

 

 

 

Kontaktpersonar