Hopp til hovudinnhald

Personvernerklæring for nettsida

Denne personvernerklæringa handlar om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkjande her på bybanenutbygging.no. Nettstaden bybanenutbygging.no er ein prosjektnettstad for informasjon om utbygging av bybanen i Bergen.

Føremål

Det vert stilt same krav til tryggleik og konfidensialitet hos våre eksterne leverandørar som hos oss sjølve. Bybanen Utbygging nyttar ulike leverandørar for å levere tenestene vi tilbyr. Slike leverandørar vil i nokre tilfelle få ansvar for å behandle personopplysningar. Føremålet med behandlinga av personopplysingar er at Bybanen Utbygging skal kunne behandle kundeførespurnaden din.

Behandlingsansvarleg

Bybanen Utbygging er behandlingsansvarleg etter personopplysningslova. Det vil sei at Bybanen Utbygging er ansvarleg for informasjonstryggleiken i løysinga, og skal sikre at alle data blir behandla på ein trygg måte. Behandlingsansvarleg er òg ansvarleg for at data er tilgjengelege for dei som har rett til innsyn.

Informasjon lagra i elektroniske skjema

Når du fyller ut elektroniske skjema på bybanenutbygging.no, vil informasjonen du gjev frå deg bli sendt til den eininga som treng informasjonen for å svare på spørsmåla dine. Informasjonen du gir frå deg sendes som ein e-post. Når du oppgir kontaktinformasjon hos oss, vil denne informasjonen berre brukas til det aktuelle formålet.

Kva opplysningar blir behandla

Dersom du tek kontakt med Bybanen Utbygging via kontaktskjema på bybanenutbygging.no, e-post, brev eller telefon, kan følgjande personopplysingar verte behandla:

Kundeopplysingar som namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, ev. postadresse, og førespurnaden din.

Behandling

Kundeopplysingar og skildring av førespurnaden din vert lagra i Bybanen Utbygging sitt kontaktoppfølgingssystem i 365 dagar etter siste aktivitet i saka. Etter 365 dagar vert førespurnaden din sletta og/eller anonymisert.

Vi lagrar informasjon om kva søkeord brukarane nyttar på nettstaden. Det kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane, slik som til IP-adressene.