Bybanen Utbygging følger opp føresegner og krav i reguleringsplanen Sentrum-Åsane

Biletet syner ei bybane på haldeplassen i Kaigaten med haustgule bladar på bakken

Riksantikvaren er varsla om oppstart av miljøovervakningsprogram for kulturminne i Bergen sentrum. 

Bybanen Utbygging har i tråd med kartleggingsbehovet for kulturminne i sentrum i planbestemmelsene varsla Riksantikvaren om at miljøovervåkingsprogram i reguleringsplanen formelt kan starta opp. Varsel om oppstart gjeld for kulturminneområdet frå Kaigaten til Sandbrogaten.

– Hensikten med brevet er at vi formelt ber Riksantikvaren til samhandling og dialog rundt oppdraget med kartlegging av grunnen i det historiske sentrum. Oppdraget bør starte snarast mogleg ettersom det er viktig å får etablert eit godt grunnlag og sikre god forvaltning av miljøovervakingsprogrammet, seier prosjektdirektør Arve Rinde i Bybanen Utbygging.

I tillegg er det viktig å får starta dette arbeidet for over tid å sikre god kunnskap knyta til årsvariasjonane som skjer i grunnen.

– Min erfaring er at dette er nyttig kunnskap å få så tidleg på bordet og vil bidra til å minimere risiko i ein byggefase, seier prosjektdirektør Arve Tjønn Rinde.

Minstekravet i reguleringsplanen er å utføre målingar eitt år før eventuelle byggearbeid kan starte opp.  Det er ikkje planlagd byggearbeid i sentrum før det føreligg ei avklaring rundt varsla tunnelutgreiing, men behovet for å sikre kunnskap knyta til årsvariasjon gjer dette til eit naudsynt tiltak no.

Varsel om tre tiltak

I brevet til Riksantikvaren er det tre hovudpunkt som Bybanen Utbygging no har varsla om etter kulturminneloven. 
  • Miljøovervakingsprogram:  Bybanen Utbygging skal i samhandling med kulturmyndigheitene etablere eit program for miljøovervåking minimum 1 år før byggestart og med varigheit 10 år etter at ein byggefase er starta opp.
  • Arkeologiske undersøkingar: Riksantikvaren blir varsla om at det vil vere behov for å identifisere omfanget av arkeologiske undersøkingar
  • Risikostyring: Data frå miljøovervåkingssystemet for mellom anna grunnvatn og setningar dannar grunnlag for ei sikker gjennomføring av utbygging og drift av regulert løysing for Bybanen.

 

Deling av kunnskap

Bergen kommune har allereie eit samarbeid med Riksantikvaren på tilsvarande program for området i og rundt Bryggen. Målepunkta som er etablert knyta til dette vil bli overtatt av Bybanen Utbygging og vidareført. I tillegg vil prosjektet ha behov for ytterlegare målepunkt, noko som medfører at det vil blir bora fleire brønnar i området som måleinstrumenta blir satt ned i.

– Miljøovervakinga som vi no har varsla skal kunne nyttast av alle infrastruktureigarar i og langs Bryggen. Denne overvakinga vil gje kunnskap om no-tilstand, rapportere endringar og bidra til en kartlegging av variasjonen over tid i grunnen, temperaturauke, auking av oksygennivå og auke av tilstrøyming av saltvatn, seier prosjektleiar Oddbjørn Gule i Bybanen Utbygging.   

 

Fakta - føresegn i reguleringsplanen

  • Før iverksetting av tiltakene i samsvar med reguleringsplanen, skal det gjennomføres arkeologisk gransking av arkeologiske kulturlag. Det skal tas kontakt med rette kulturmiljømyndighet i god tid før tiltakene skal gjennomføres, slik at omfanget av den arkeologiske granskingen kan fastsettes»
  • Det skal etableres et miljøovervåkingsprogram i samarbeid med kulturmyndighetene minst ett år før, under, og 10 år etter igangsettelse av byggefasen
  • Det skal utarbeides et risikostyringssystem med signalverdier for anleggsfasen for overvåking av tiltakenes innvirkning på arkeologiske kulturlag, bygninger og anlegg jf. dokument Bybanen BT5 Overvåking av grunnvann og setninger i anleggs- og driftsfasen ved Bryggen i Bergen og Bybanen BT5 - Overvåking av grunnvann og setninger i anleggs- og driftsfase, delstrekning DS1 fra Kaigaten til Sandbrogaten av NGU, begge datert 16.3.2023 
 
 
Kontaktinformasjon
Oddbjørn Gule
Prosjektleiar
Bybanen Utbygging
Mobil: 93441334
epost: oddbjorn.gule@vlfk.no

Camilla Einarsen Heggernes
Kommunikasjonsrådgjevar
Mobil: 90556050
Epost: camilla.einarsen@vlfk.no