Bybanen til Åsane: Leverandørdag 10. januar

Bildet syner personell frå Bybanen Utbygging, leverandører og entreprørar til stades i sporet rundt ei bybanevogn under den fyrste testkjøringa av Bybanen linje 2 til Fyllingsdalen

Bybanen Utbygging inviterer til open leverandørdag med oversikt over kommande entreprisar etter vedteken reguleringsplan for Bybanens byggetrinn 5 Sentrum – Åsane.

Bybanen er ryggraden i kollektivsatsinga i Bergen, og Bybanen er det viktigaste tiltaket for å nå målet om nullvekst i biltrafikken. Å ha god dialog med marknaden opp mot dei kommande kontraktane er eit viktig tiltak for å engasjera dei beste til å levere på dette viktige samfunnsoppdraget. Bybanen Utbygging vil under leverandørdagen informere om sine planar for utbygginga med inndeling av grunnentreprisar, tekniske entreprisar og totalentreprisar.

– Bybanen Utbygging er avhengige av dyktige entreprenørar og leverandørar for å realisera dei ambisiøse måla våre om å byggje eit bybanesystem med kvalitet i alle ledd for eigarar og brukarar av Bybanen. I innkjøpsprosessane våre prioriterer vi å sikra ei felles forståing for oppdraget som skal utførast og med det skapa eit godt grunnlag for partnarskap. Vi søker alltid å engasjera dei beste i bransjen for det spesifikke oppdraget, seier sjef anskaffingar og totalentreprisar Ole Wilhelm Mortensen.

Bybanen Utbygging vil på leverandørdagen orientere om forventa entreprisar og utlysing av desse. Dei første kontraktane som kjem opp til kunngjering er totalentreprisar for heile banestrekninga uavhengig av traseval for høvesvis banesignal og tele - og driftstøttesystem. Bybanen Utbygging vil understreke at inndeling av delkontraktar ikkje er endeleg fastlagde. Det kan komma fleire entreprisar, og nokon av entreprisane kan bli slått saman eller falle frå.

Bybanen leverandørdag 10. januar

Dette er Bybanen byggetrinn 5 Sentrum - Åsane
  • Vedteken dobbeltspora bybanetrasé frå Kaigaten til Vågsbotn er 12,7 km lang. Av desse  er 5,7 km lagde i tunell.
  • Traseen har 14 haldeplassar. 
  • Depot i Vågsbotn
  • Ny kollektivterminal i Åsane
  • Sykkelveg frå sentrum til Åsane
  • Forlenging av Fløyfjellstunnelen til Eidsvåg
  • Det er berekna at Åsanelinjen vil betena rundt 60 000 reisande per døgn i 2040.
  • Reisetida frå Torget til Åsane terminal er berekna til 17 minutt, og ca. 25 minutt til Vågsbotn
  • Prosjektering starta i 2023. Oppstart byggearbeid er forventa i 2025
  • Bybanen til Åsane inkludert sykkelveg og forlenging av Fløyfjellstunnel er i reguleringsplanen kostnadsberekna til 22 milliardar kroner (2023-kroner)

 

Kilde: Bergen kommune/ Miljøløftet