Grunnundersøkingar i berggrunnen

Vi skal gjennomføre supplerande grunnundersøkelser på oppdrag frå Bergen kommune, som er ein del av reguleringsplanlegginga av Bybanen til Åsane, strekninga sentrum-Sandviken

Undersøkingane skal kartleggje tilhøva i grunnen. I denne fasen skal dei særleg undersøkje bergoverflata for å finne ut kor tjukt laget over sjølve berget er. Dette gjeld i området ved haldeplassen på Sverresborg og ved planlagt ankomsttunnel fra Sandbrogaten.

Arbeidet blir utført med  frigraving. Det betyr at ein frigrev varsamt ved leidningar og anna infrastruktur i bakken, og set ned eit midlertidig rør der ein kan gjere boringar. Det er viktig med god kunnskap slik at ein kan kvalitetssikra tunneltrasé med underjordisk haldeplass, og løysingar for infrastruktur i grunnen der bybanen kjem. Det vil bli utført grunnarbeid ved 40 ulike punkt i sentrum-Sandviken. 

Oppstart og arbeidstid

Arbeidet startar no i veke 19 og det vil vere aktivitet på ulike stader i Sandviksområdet og Bergen sentrum fram til sommaren 2026.

Arbeidstida er måndag til fredag klokka 08.30–16.00

Du kan lese meir om hva som er vedteke og kva som blir planlagt på nytt hos Bergen kommune 

Meir om Bybanen til Åsane finn du på nettsidane til Miljøløftet.  

Bebuarar i området får varsel på SMS før arbeidet startar der dei bur.

For spørsmål, ta gjerne kontakt: 

Camilla Einarsen Heggernes
kommunikasjonsrådgjevar 
Vestland fylkeskommune/ Bybanen utbygging
camilla.einarsen.heggernes@vlfk.no