Banefaget blir stadig meir internasjonalt og spesialisert, samtidig som teknologiutviklinga går raskt innan mellom anna tryggleik, vogner og baneteknikk. For Bybanen er det derfor viktig å følgje utviklinga tett og lære av både leverandørar, teknologimiljø og andre byar som bygger og utviklar lettbane.
InnoTrans blir arrangert annakvart år og samlar aktørar frå heile den internasjonale bane- og jernbanebransjen.
Viktig kunnskap før neste byggetrinn
Utbygginga av Bybanen til Åsane vil representere investeringar i milliardklassen. Samtidig er prosjektet avhengig av ein internasjonal marknad for både teknologi, kompetanse og leveransar.
– Skal vi lykkast med ei så stor og kompleks utbygging, må vi kjenne marknaden og vite kva som finst av nye løysingar, i tillegg til å få markndsført prosjektet for eit internasjonal leverandørmarked. På InnoTrans møter vi leiande leverandørar, entreprenørar og teknologimiljø som kan vere aktuelle samarbeidspartnarar for oss framover, seier prosjektdirektør i Bybanen utbygging, Arve Tjønn Rinde.

Medan reguleringsplanprosessen for sentrumstraseen har gått føre seg, har eit viktig arbeid vore å sjå nærare på korleis kontraktsporteføljen i neste byggetrinn kan byggjast opp. Her er erfaringar frå andre store prosjekt verdifulle.
- Kva kontraktsformer fungerer godt i komplekse prosjekt?
- Korleis har andre byggherrar sett saman kontraktar og leveransar?
- Kva kan Bybanen lære av løysingar som er prøvde ut andre stader?
Dette er nokre av spørsmåla deltakarane tek med seg til InnoTrans
Møte med fagmiljø frå heile verda
Messa samlar byggherrar, systemleverandørar, entreprenørar og teknologimiljø frå ei rekke land. Delegasjonen frå Vestland fylkeskommune og Bybanen har derfor eit tett program, med både faglege aktivitetar og planlagde møte med aktørar som arbeider med lettbane, jernbane og vogner.
– Programmet er tettpakka. Vi brukar tid på levrandørene for å fortelje og marknadsføre prosjektet til internasjonasjonalt marked. Messa vil også gjere oss betre fagleg oppdaterte og sikre førstehandskunnskap om nye produkt, teknologi og kontraktsformer som blir brukte i store prosjekt rundt om i verda. Det er kunnskap vi skal ta med oss vidare i førebuingane til byggetrinn 5, seier Arve til sist.
Målet er altså ikkje berre å sjå kva som er nytt på verdas største møteplass for banebransjen, men marknadsføre bybanen til Åsane internasjonalt, finne kunnskap og løysingar som kan vere relevante for framtidas Bybane i Bergen
Les meir om vår kontraktstrategi for bybanens byggetrinn 5 til Åsane
