BOB skal stå for utleige og forvaltning av innløyste eigedomar

Bildet synes fire mennske som inngår ein kontrakt og hilser kvarandre i handa

Vestland fylkeskommune har inngått ein rammeavtale med BOB om utleigeformidling. Avtalen vart inngått 5. juni og har ei varigheit på tre år, med opsjon på forlenging i ytterlegare 3 + 2 år. Den maksimale avtaleperioden er dermed åtte år. Den samla økonomiske ramma for heile avtaleperioden er sett til 20 millionar kroner

Vi set stor pris på tilliten frå Vestland fylkeskommune. Dette er eit spennande oppdrag der vi får nytte breidda i BOB sin kompetanse innan eigedomsforvaltning og utleige, og vi ser fram til eit godt samarbeid, seier Anders Håvardstun, leiar for næring og juridisk rådgjeving i BOB BBL

 

Tryggleik for profesjonell forvaltning

Bakgrunnen for avtalen er fylkeskommunen sitt behov for bistand til utleigeformidling av innløyste eigedomar i samband med framtidig utbygging av Bybanen i Bergen og fylkesvegnettet. Føremålet er å sikre at eigedomar som eignar seg for utleige, vert leigde ut, samstundes som dei vert forvalta på ein profesjonell og føremålstenleg måte.

I konkurransen som vart gjennomført, utmerkte BOB seg med særs god evne til å gjennomføre oppdraget. Selskapet dokumenterte høg eigedomsfagleg kompetanse, inkludert teknisk kompetanse ved behov for vedlikehald av eigedomane. I tillegg har BOB gode system for oppfølging av leigetakarar og effektiv drift av utleigeforhold.

– For Vestland fylkeskommune er det viktig at innløyste eigedomar vert tekne godt vare på i perioden fram til dei skal nyttast til offentlege føremål. BOB dokumenterte høg eigedomsfagleg kompetanse, gode system for oppfølging av leigetakarar og ei løysing som gir oss tryggleik for ei profesjonell forvaltning av eigedomane våre, seier Maria Kongestøl, leiar for erverv i Bybanen Utbygging.

Vestland fylkeskommune ser fram til eit godt samarbeid med BOB og til å sikre god forvaltning av eigedomane i åra som kjem