Ombruk av materialer hjelper oss til å oppnå det uttrykket vi ønsker

Bildet viser eit bekkalokk ved holdeplassen i Kaigaten

No er vi i gang med ombrukskartlegging av bybanetraseen gjennom Bergen sentrum. Vi kartlegg og registrerer materialer og konstruksjoner som skal rivast for å finne ut kva som kan gjere god nytte i det nye anlegget eller i andre prosjekt.

Brustein, kantstein og dekker til bytre, buskar og gatemøblering, alt dette kan ha stor gjenbruksverdi.  I byggetrinn 4 til fra Sentrum til Fyllingsdalen omplasserte Bybanen Utbygging  140 bytre som vart gjenbrukte i det ferdige anlegget, fleire hugsar gjerne "bybaneskogen" på Stend.  Bybanen Utbygging  jobba i tillegg i mindre skala med ombruk i fleire prosjekt.

Sidan førre byggetrinn har Vestland fylkeskommune vedteke ein klimaplan. Denne seier mellom anna at ein skal redusera klimafotavtrykket gjennom sirkulære løysingar. Det er derfor naturleg at Bybanen Utbygging satsar endå meir på ombruk, sjølv om mange små og store utfordringar må løysast for å få det til.

Biletet er eit arkivbilete frå mai 2023. Biletet syner eit av trea som vart tatt opp på Mindemyren og planta på nytt i Fløen.

– Sentrum skal føyast saman som ein "hardangersaum"

I det sentrale og historiske Bergen sentrum er det brukt mange flotte og haldbare materiale i byromma siste 30 åra. Målet er at bybanen skal passa naturleg inn bybildet, og då er materialbruk og historisk kontekst viktige element.

Ingrid Haukeland er landskapsarkitekt og fagansvarleg for landskap i Bybanen Utbygging. Ho har erfaring tilbake frå 90-talet med byromsutforming gjennom ulike prosjekt midt i sentrumskjernen. 

– Bybanen skal byggast og føyast saman med denne bygde byen, som ein stor hardangersaum, og då kan ombruk av materiale hjelpa oss til å oppnå det uttrykket vi ønsker, seier ho.

Biletet syner Petter Jacob Fredriksen, prosjektleiar ombruk i COWI og Ingrid Haukeland ved  Byparken haldeplass i Bergen sentrum. I forgrunnen ledelinjer for blinde og svaksyne som skal gjenbrukast andre plassar når haldeplassen forsvinn.

Mål: Innsparingar i både kroner og miljø

Sjølve kartlegginga blir utført av den prosjekterande rådgjevaren vår COWI i samarbeid med Rambøll og Asplan Viak.  Dei har utvikla eit eige kartdata-verktøy (GIS) som gjer det mogleg å legga materialregistreringane rett inn i kartet. Fagansvarleg i COWI, Petter Fredriksen forteller at omfanget av denne kartlegginga er nybrotsarbeid og ser frem til å leia dette arbeidet. Dei registrerar godt utanfor planlagt trase for slik å kunne gjenbruke best mogleg.

– Jo tidlegare ein registrerer og kartlegger, jo større er moglegheiten for å finne ny bruk av steinen i ny bybanetrase, seier Fredriksen.

Prosjektet er no i ei prosjekteringsfase, da er det særs viktig at sikrar ny bruk av gode materialer. 

Petter Fredriksen har også med seg ein landskapsarkitekt på laget, Inga Elen Årvoll Eidsvik i Asplan Viak. Ho er særleg oppteken av dei flotte steindekka som ligg i sentrum. Dei er både dyre i innkjøp og kan ha eit høgt klimafotavtrykk.

– Får vi brukt dette om att vil det gi store innsparingar i både kroner og miljø. Det blir vinn-vinn for alle, seier Årvoll Eidsvik.

Biletet er eit nærbilete av fortauskanten ved bussholdeplassen i Christiesgate. Kantsteinen har eit bua design ned mot vegen.