Bybanen i raudt, kvitt og blått… og grønt!

Bybanen er ein del av byen, og med våren kjem også både plantar og fargar rundt bybanesporet.  Møt dei som held orden på omgivnadene til både banen og haldeplassane på linje 2 til Fyllingsdalen.

Kvitt

Vi startar vår fargereise med Bybanen med kvitt. Har du nokon gong tenkt på kva den kvite kansteinen langs Bybanen inneber?

Den kvite linja med kantstein langs Bybanen har tre føremål:

  • Tryggleik: tydeleg, visuell markering av Bybanens sportrasé som gjer trasén lett å kjenna igjen og forstå, og eit skilje som også dannar nivåforskjellar mellom Bybanen og andre trafikantar.
  • Funksjon: eit fysisk skilje som held på massar, og adskiller ulike dokker og materiale (til dømes. jord frå pukkssteinen i sporet).
  • Design: eit kjennemerke for banen vår, og ein viktig del av Bybanens merkevare. Den kvite linja frå kantsteinen bidreg til å skapa eit estetisk, ryddig og urbant uttrykk på banetraseen, der han går gjennom ulike landskaps- og byrom.
Bilete syner ein Bybane som køyrer i sporet på Mindemyren. Sporet er ramma inn av kvit kantstein som markerer kor bana går. Langs bana er det ein hekk som skal hindre at folk kryssar sporet der ein ikkje skal.

 

Blått og raudt langs Bybanen

Langsmed Bybanen til Fyllingsdalen er det både nye blå kanalar og vassvegar som er planlagd og bygd saman med sjølve bana.  Snart kjem det også raude blomar og prydbuskar både i parkar og i hagar langs linja.

Bilete syner raude rhododendron i en hage med Bybanen i bakgrunnen. I bakgrunnen ser ein byfjella.

 

Biletet syner blomar i kasser i bassenget på Mindemyren som er ein del av det nye opne kanalsystemet på Mindemyren.
Biletet syner ein bybane på haldeplasen på Kristianborg med fargerike rosa blomar på japanske kirsebærtre i front.

Grønt i og rundt sporet

Det grøne må også vedlikehaldas. Akkurat no jobbar Anleggsgartnarmeister Wikholm AS med vedlikehald av grøntareala.  Wikholm har ettersyn av grønareala i tre år etter ferdig bane, og har i tillegg inngått ein driftsavtale med Bybanen AS for tida etterpå. Vi har tatt turen ut og intervjua nokon av dei «gulkledde» om kva kvardagen deira består av.

Kva held de på med langs linje 2?

– Vi  jobbar med ettersyn av alle uteområda frå Amalie Skram Vidaregående skule til Fyllingsdalen. Vi jobbar med gjødsling, luking og overvasshandtering». Vi gjødsler to til tre gonger i året. Neste gong vil bli i juni/juli. Det som er viktig når vi gjødsler er at me punktgjødsler, slik unngår ein å gjødsle der det ikkje skal trengs. Vi jobbar også jamleg med luking. Når vi luker tek me vekk ugras som ikkje burde vera der, seier anleggsleiar Emily Gabrielsen hos anleggsgartnermester Wikholm AS

Korleis er det å jobba med dette?

– Det er veldig kjekt og vera med på og me set pris på når arbeidet vårt blir lagt merke til!  Det er viktig for mellom anna trivsel. Når det er grønt rundt oss, mange plantar og liv, er dette med på å skapa god trivsel. Dette er også viktig for folkehelse. Til dømes for dei som sit inne på jobb i mange timar, og kunne sjå ut på noko grønt. Om det hadde vore grått og berre betong, har dette ein påverknad på folkehelsa, seier Gabrielsen. 

Biletet syner bybanesporet med grønt gras i sporet ved Mindemyren haldeplass.

Den usynlege dammen

Mindemyren har det som er betekna som Noregs lengste regnbed. Regnbeda er laga for å ta i mot overvatn frå regn slik at det blir fanga opp og drenert i rerrenget slik at det ikkje kjem mykje vatn ut i rørsystema på ein gong.

Biletet syner ein bybane som kjører forbi eit av dei nedsenka beda på Mindemyren som skal samle opp regnvatn. Midt i bedet står ein sluk.

– Arbeidet me gjer med handtering av vatn er viktig og her jobbar vi med regnbed og fordjupingar i grasplen. Dette er noko me jobbar mykje med og som er noko av det me har brukt mykje tid på her ute på Mindemyren. Vi etterser også staudar som er plantar som kjem igjen kvart år. Dette er arbeid der vi flyttar staudar fram og tilbake. Vi er også stolte over krokusane me har planta!  Vi har vel rundt 40 ulike plantar på heile Mindemyren, avsluttar Emily. 

Det grøne sporet og plantane rundt er ein del av kvalitetane ein bybane som er tett på folk og ein del av byen skal ha.  Mange av dei store trea som står langs traseen er tatt vare på i staden for at dei ble felt i anleggseggsperioden og og planta om.

BIletet er eit arkivfoto frå februar 2022 der Anleggsgartnermeister Wikholm plantar tilbake eit stort lindetre i Fløen som tidlegare stod på Mindemyren.

 

Biletet syner ein del av kanalen på Mindemyren der det er mogleg å hoppe frå stein til stein for å krysse over kanalen.
Biletet syner fire arbeiderar i vernetøy frå anleggsgartnermeister Wiholm som jobbar med å luke rundt staudar i bed utanfor Amalie Skram videregåande skule

 

Biletet syner to kvinner  - Emily Gabrielsen og Mariell Gaustad Hindenes -  i gult synlegheitstøy med bassenget og kanalen på Mindemyren i bakgrunnen.
Bilete av Bybanen på linje 2 mellom haldeplassane Kronstad og Mindemyren

Bybanen skal gi menneska som reiser kollektivt i Bergen ein lettare kvardag. Alt som blir planlagt og blir bygd i samband med Bybanen skal setja brukaren i sentrum. Vi kallar det den gode reisa med Bybanen