Hopp til hovudinnhald

Grønere bybanebygging

Bybanen er eit miljøprosjekt som er heilt sentralt for å utvikle berekraftige og framtidsretta kollektivløysingar i Bergen. Samtidig er bybanebygging en stor offentleg investering med vesentlege påverknader på klima, miljø og lokalsamfunn. Derfor er det viktig for oss å jobbe heilskapleg med våre påverknader – med berekraftig utvikling som styrande prinsipp.

Som offentleg byggherre har Bybanen Utbygging plikt og moglegheit til å ta samfunnsansvar, ivareta klima- og miljø, og fremme innovasjon og utvikling gjennom våre anskaffingar, i prosjektering og i byggefasen. Dette er forankra i vår berekraftstrategi, som er et styringsverktøy for organisasjonen.

Denne omfattar alle påverknadane av bybaneutbygginga; klima, ytre miljø, naboar, og interessentar. Gjeldande strategi blei utvikla under Byggetrinn 4 til Fyllingsdalen, og er nå under revisjon for å sikre at den er både ambisiøs og relevant for de neste etappane av bybanebygginga.  

Vi skal: 

  • Bygge bybanen på tid, kost og med rett kvalitet
  • Bygge gode kollektivløysingar og utforma gode byrom for alle
  • Redusera vårt klima- og miljøavtrykk i BT5
  • Fokusera på klimatiltak der dei gjer mest effekt - kost/nyttevurderingar
  • Bidra til å vidareutvikla ei berekraftig leverandørkjede
  • Sikre godt samarbeid med prosjekterande, entreprenørar, naboer, etatar og andre eksterne interessenter. 

    Vi jobbar for å realisere ein Grønare bybane. Driva målretta seriøsitetsarbeid, og for å stimulere bransjen til å nå samfunnet sine mål om reduksjon av klimagassutslepp og ei overgang til nullutsleppsteknologi.

     

I gjeldande reguleringsplan er det eit Miljøprogram som legg føringar for korleis vi skal prosjektere og bygge bybanen sitt neste byggetrinn. I tillegg skal prosjekteringa sertifiserast etter BREEAM Infrastructure, ein internasjonalt anerkjent sertifiseringsordning for berekraft og kvalitet i infrastrukturprosjekt.

Kontakt