Hopp til hovudinnhald

Kva, kor og kvifor om grunnundersøkingar

Ein borerigg som utfører grunnundersøkinger med boring i Heggebakken i Bergen
Ei slik borerigg er typisk utstyr som vil nyttast når vi skal i gang med grunnundersøkinger. Foto: Agnete Helene Matre

Vi startar no med å sette opp fastmerker og utføring av grunnundersøkinger. Her får du vite meir om korleis det vil skje og kva dette arbeider inneber og kva for verktyg som nyttast under arbeid med grunnundersøkingar.

I desse dagar vil arbeidsfolk for Bybanen Utbygging og vår prosjekterandre vera ute i bybiletet Vi skal no i gang med grunnundersøkingar og dei som er råka vil få eit brev om dette. Her får du ei kort innføring i ulike begrep som blir brukt når ein utfører oppsetting av fastmerker og kva grunnundersøkinger inneber. 

Kva er fastmerker?

Fastmerker er faste punkt, anten ein bolt på fjell eller asfalt eller punkt som står på eit fundament. Det avgjerande er at vi kjenner kotehøgda og koordinatane til kvart merke. Merka blir brukte som kjende punkt. Alt som skal byggast har ein særskilt plassering. Ein må registrere eksisterende infrastruktur slik at vi kan prosjektera vidare.  Derfor er slik oppmåling viktig. 

Eit fastmerke markert på ei lav betongsøyle i terrenget i nærleiken til Fyllingsdalen terminal

Fastmerke

Slik kan eit fastmerke sjå ut. Markert med på ei lav betongsøyle i terrenget

Når startar arbeidet? 

 

Bybanen Utbygging vil vår/sommar 2024 sette ut 23 fastmerke, som er innmålte betongsøyler frå Bergen sentrum til Norges Handelshøyskole. Eit fastmerke skal brukast til vidare arbeidar. Det er derfor viktig at alle fastmerke er heilt korrekte slik at alle innmålinger blir presise. 

Grunnundersøkingar er planlagd starta opp vår 2024. Desse arbeida vil bli utført i strekningen Kaigaten til  Amalie Skramsvei.

Kvifor grunnundersøkingar?

Grunnundersøkelser blir utført som ein del av kartlegginga i prosjektering for å finna kva som er i grunnen i det området som skal byggast på. Grunnundersøkingar er  ikkje minst av omsyn til tryggleiken under gravearbeid og anna anleggsteknisk arbeid. Det er viktig å kontrollera at grunnen toler dei påkjenningane som påførast gjennom arbeidet vårt og under heile levetida til utbygginga.  Undersøkingane er også naudsynt for å kunna prosjektera rette løysingar for ulike konstruksjonar, som mellom anna støttekonstruksjoner for å halde massar på plass, armerte løysingar, avstivning, ha kontroll på setningar i grunnen og drenering.

Kva skal vi finna ut?

Kva massar består grunnen av og kva eigenskapar har dei? Vi må undersøka vassinnhaldet for å bedømma om massane er blaute eller faste fordi vi til dømes skal fram med tunge anleggsmaskiner og dessutan unngå setningar. Det er også viktig om vi kan nytta massane til vidare arbeid eller om vi må skifta dei ut.  Ein må sjå på korleis massane er nedover i grunnen eller kor langt ned det er til fjell for å bestemma oss for korleis vi skal fundamentera. Skal ein pæla ned til fjell, bygga direkte eller er det andre lag vi kan fundamentera på? Dette vil grunnundersøkingar gje oss eit svar på. 

 

Korleis skal vi finna informasjon? 

Det finst ei rekke metodar for å innhenta informasjon. Prøvegraving er kanskje den enklaste måten å avdekka og vurdera massane på. Metoden gir god oversikt, og det kan også vera at ein ikkje ønsker å flytta massane så mykje før anleggsarbeidet startar. Massane vert fortløpande vurdert  når når vi grev for å kunna setta i verk tiltak der det er naudsynt. 

Grunnboring er den vanligaste metoden for undersøking av masser. Gjennom ei slik undersøking kan vi finna ut kva vi har nedover i grunnen utan å forstyrre massene vesentleg




Døme på ulike type grunnboringar:
  • Totalsondering - Boring  i løsmasser for å kartlegge type løsmasser samt bestemme avstand til berg
  • Poretrykksmålinger  -  Målere som leser av trykket i grunnvannet over tid.
  • Naverboring - Boring med naverbor (jordskrue) for å ta opp omrørte jordprøver.
  • Kjerneboring -  Boring og uttak av prøver i berg. Benyttes ofte i forbindelse med tunneler og berghaller.
  • Refraksjonsseismikk - Registrerer lydsignaler som sendes ned i grunnen og som reflekteres fra de ulike løsmasselagene og bergoverflaten.

 

Kilde: Yrkeslære - Anleggsteknikk 2