– Med denne strategien ønskjer vi ikkje berre å bygge bybane, men også bidra til ei grønare bybane, meir berekraftig utvikling av både bransjen og Bergen, seier prosjektdirektør Arve Tjønn Rinde.

Tjønn Rinde fortel at klimarådgjevar Jørgen Aarø, har gjort eit framifrå arbeid med å leie arbeidet med å bygge opp ein bærekraftstrategi som gir tydelig retning. Den gjer likevel rom til utvikling og framtidige nye løysningar. No er det klart for å dele strategien med bransjen og seier vidare at strategien er eit svært viktig fundament i prosjektet og vil gjennomsyre arbeidet vår framover.
Den vil inngå som eit sentralt tema i komande forhandlingar på entreprisane og anskaffingane som forberedes. Ingen skal være i tvil kor Bybanen Utbygging legg lista innan berekraftsarbeidet framover.
Forankra i Vestland fylkeskommune sine mål
Berekraftsstrategien er utarbeidd basert på hovudmåla i Vestland fylke sin Utviklingsplanen for 2024–2028 og Regional plan for klima 2022-2035 . Berekraftsarbeidet er bygd rundt berekraftsmodellen frå Stockholm Resilience Centre, som har fokus på å finna den optimale balansen mellom miljø, sosiale tilhøve og økonomi i gjennomføring av oppgåvene i prosjektet.
Strategien omfattar både prosjektering, bygging og drift av Bybanen. Her skal vi kartlegge, dokumentere og redusere påverknadar der det er mogleg.
Fem hovudmål i berekraftsstrategien
- Vi skaper den gode reisa for alle
- Vi reduserer klimafotavtrykket og vel robuste løysingar
- Vi kjenner påverknadene våre og jobber med å redusere dei
- Vi fremmer eit godt og seriøst arbeidsliv
- Vi utviklar ei berekraftig leverandørkjede og drar bransjen i ei grønare retning.
Bybanen skal vere lett, enkel, tilgjengeleg og føreseieleg for dei reisande. Den skal bidra til gode byrom og attraktive nærområde. Dette gjer at løysningane som blir bygd skal ha rett kvalitet, være robuste og sikre at infrastrukturen held stand og skape den gode reisa
Ambisiøse klimamål
Utbygging av Bybanen har eit betydeleg klimafotavtrykk, særleg knytt til materialbruk, energiforbruk og massetransport. I den nye strategien set Bybanen Utbygging som mål å redusere klimafotavtrykket med minst 20 prosent i både prosjekterings- og byggefasen.
For å redusere direkte klimagassutslepp vil vi krevje høg grad av utsleppsfrie maskinar i tråd med Vestland fylkeskommune sitt mål om netto null innan 2030. Det som uansett er viktig er å å setje krav til bruk av robuste løysingar, energieffektive system og materialar med lang levetid skal bidra til lågare utslepp gjennom levetida til infrastrukturen.
Miljø, natur og sirkulærøkonomi
Strategien legg stor vekt på å redusere miljøpåverknader som støy, støv, avfall og forureining. Naturverdiar og blågrøne strukturar skal takast vare på og må forbetrast der det er mogleg.
Sirkulærøkonomi er eit gjennomgåande prinsipp. Det er mål om meir ombruk, gjenbruk og resirkulering av materialar. Massar er ein ressurs og vi skal arbeide aktivt med gjenbruk av både stein og jord.
Seriøst arbeidsliv og berekraftige innkjøp
Alle som utfører arbeid for Bybanen Utbygging skal i tillegg vite at dei gjer dette for ein seriøs og etterretteleg byggherre. Vi skal styrke arbeidet for eit seriøst og trygt arbeidsliv ved å setje strenge krav slik at heile verdikjeda har tydelege rutinar og metodar for å sikre ei rein gjennomføring.
- Anskaffingar skal brukast aktivt for å sikre ei berekraftig leverandørkjede. Vi vil gjennom samhandling og tett dialog sikre eit tett samarbeide med marknaden og invitera inn forskings- og utdanningsinstitusjonar. Dette sikrer at vi er godt opplyst om trendar og bruk av ny teknologi – inkludert kunstig intelligens, seier Arve Tjønn Rinde til sist.
