– For oss er dette ein gledeleg dag. Bybanen Utbygging har fått på plass ein særs viktig og sentral bidragsytar i gjennomføring av prosjektet. Banesignal er ein av dei mest langsiktige og avgjerande kontraktane å inngå tidleg for å sikre heilskapleg prosjektgjennomføring. Dette gjer kontrakten unik, seier ein godt nøgd prosjektdirektør Arve Tjønn Rinde i Bybanen Utbygging.
Banesignal er eit grunnleggande systema for Bybanen som i praksis sikrar at all ferdsel skjer trygt og effektivt. For å få dette til er det mykje utstyr og instrument rundt om i bybaneanlegget som skal styrast og gje Bybanen Bybanen får prioritet over biltrafikk og fotgjengere i alle signaliserte kryss og trygg framføring. Her kjem banesignalsystemet inn og styrer mellom anna lyssignal, sporvekslar og talet på vogner i tunnel samstundes,
– Marknaden for denne type kontraktar er internasjonal. Difor er arbeidet med å finne den rette til oppdraget også omfattande og krevjande. Endringar som prosjektet har gjennomgått - med ny semje om traseval for Bybanen gjennom sentrum av Bergen og den internasjonale uroa verden påverkar leverandørmarknaden. Derfor er vi særs nøgd med å få Stadler Signalling med på laget som har lang og brei internasjonal erfaring med banesignal samt kjenner godt til Bybanen i Bergen gjennom kontraktar på tilsvarande byggetrinn, seier Rinde.
Ein kontrakt som sikrar heilskap og tryggleik i bybanesystemet.
Første steg i kontraktarbeidet er å setja seg inn i vedtekne reguleringsplanar og etablere prosjekterings grunnlag av byggetrinnet frå sentrum til Vågsbotn.
– Bybanen utbygging har starta arbeidet med prosjektering og førebuing for bygging av vedtekne reguleringsplanar. Som del av dette vil Stadler Signalling ha eit avgjerande bidrag med å få på plass system prosjektering, samt starte prosjektering og forberede bygging av banesignalanlegget mot nord, seier Rinde.
Kontrakten har stor fleksibilitet gjennom ulike opsjonar, noko som gjer denne godt tilpassa den vidare baneinfrastruktur utviklinga i Bergen.
– Dette er ein kontrakt som skal nyttast på kommande byggetrinn mot Åsane, Loddefjord og Laksevåg, men også i høve oppgradering av eksisterande baneinfrastruktur for linje 1 og 2. Eit av måla til Vestland fylkeskommune med kompromissforslaget er blant anna å auke frekvensen på eksisterande bybanelinjer. Dette er mogleg, men vil ta noko tid ettersom dette vil krevje en del ombygging av eksisterande infrastruktur inkludert banesignal, seie Rinde.
Avtalen mellom Bybanen Utbygging og Stadler Signalling har ved signering ei ramme på 500 millionar norske kroner og ei lengd med opsjonar på inntil 20 år.
Kontaktinformasjon
Arve Tjønn Rinde
Prosjektdirektør Bybanen Utbygging
Epost: arve.tjonn.rinde@vlfk.no
Telefon: +47 930 31 874