I første omgang på strekninga Sentrum-Glass Knag. Resten av regulert trasé står for tur.
Koordinerer undersøkingane
Denne veka blir det gjennomført grunnboringar på fleire punkt i Sandviken, og utover hausten blir det fleire boringar i området mellom Sandviken og Heggebakken.
Bybanen utbygging koordinerer grunnundersøkingane, og det er fleire aktørar som skal bidra i arbeidet. Rambøll er først ut av totalt fem riggar.
Kvifor blir det gjort grunnundersøkingar?
Gjennom fleire år er det gjennomførte ei rekkje grunnundersøkingar i samband med planleggingsarbeidet for Bybanen og sykkel mellom sentrum og Åsane. Undersøkingane skal sikra god kunnskap om grunnforholda under bakken.
Det er viktig med god kunnskap slik at ein kan kvalitetssikra tunneltrasé med underjordisk haldeplass, fundamenteringa for banetraseen i bygatene og løysingar for infrastruktur i grunnen.
Det blir mellom anna teke geotekniske prøver og miljøprøver i tillegg til arkeologiske undersøkingar. Gjennomføringane blir gjorde etter godkjenning frå kulturminnestyresmaktene.
Det er CORAV, som er hovudleverandør for prosjekteringstenester av BT5, som står for utføring av grunnundersøkingane. CORAV er eit samarbeid mellom Cowi, Rambøll og Asplan Viak.
Du kan lesa meir om Bybanen til Åsane på nettsidene til Miljøløftet.