Ny rammeavtale for haldeplasser og kollektivknutepunkter

Bilder syner ei skisse frå kollektivknutepunkt i Åsane med bybane og buss

Den nye rammeavtale skal sikra standardisering av leskur og bygg til terminalar- og kollektivknutepunkt i heile Vestland

Vestland fylkeskommune styrkar arbeidet med å standardisere bygging og utforming av nye terminalar og kollektivknutepunkt med ei ny, omfattande rammeavtale som framover skal brukast i heile fylkeskommunen. Johs. Sælen og Sønn AS frå Bjørnafjorden gjekk sigrande ut av konkurransen og ble tildelt kontrakten.

Johs. Sælen og Sønn AS vart vald etter ei samla vurdering av løysing, pris, oppgåveforståing og leverte det beste samla tilbodet i konkurransen.

Viktig for kollektivtilbod i Vestland


 - Dette er ein ønska og viktig rammeavtale for Vestland fylkeskommune. Avtalen skal sikra eit likt utrykk og like kvalitetar på utrustning av terminalar og kollektivknutepunkt i heile fylket i mange år framover. I tillegg vil avtalen også omfatte ombygging og bygging av nye Bybanen sine haldeplassar og kollektivknutepunkt - seier seksjonsleiar i Bybanen utbygging, Arve Tjønn Rinde.

Bilete tyder to personer som held kverandre i hånda etter signering av ei rammeavtale. Personene er Arve Tjønn Rinde og Tore Sælen
Rammeavtalen omfattar levering av:


Leskur til haldeplassar, venterom, toalettbygg, sjåførfasilitetar med meir. Med dette får fylkeskommunen tilgang til å standardisera og kvalitetsikre løysingar på tvers av heile Vestland.

Langtidsavtale med fleksibilitet


Kontrakten strekker seg over fire år, med opsjonar på 2 + 2 år og har ein estimert verdi på rundt 80 millionar kroner og ei øvre ramme på 200 millionar kroner. Det er ingen kjøpsplikt knyta til avtalen.