Førebur nye rammeavtalar for rådgjevingstenester og prosjektering

Bildete synes ein mann som msiler med gul jakke på seg

Bybanen Utbygging skal dei neste åra løyse store og små oppgåver innan alt frå bane og byutvikling til tekniske anlegg og prosjektgjennomføring. No førebur vi nye rammeavtalar som skal gi oss tilgang til eit breitt spekter av rådgjevarar og fagmiljø

Vi er kanskje mest kjende for å planleggje, prosjektere og byggje Bybanen. Men kompetansen vår blir også brukt langt utover sjølve banesporet. Bybanen Utbygging gjennomfører ei rekkje andre oppdrag for Vestland fylkeskommune og andre offentlege byggherrar. Dette betyr at vi vil ha nehov for ei rekke ulik kompetanse i tida som kjem. 
 

Frå store samferdselsprosjekt til utvikling av byrom

Dei nye rammeavtalane skal kunne nyttast både i arbeidet med nye bybanestrekningar og i andre prosjekt vi får ansvar for. Oppdraga kan spenne frå utgreiing, planlegging og prosjektering til prosjektleiing, kontroll og oppfølging i gjennomføringsfasen. Breidda er stor. 
Eit godt døme er arbeidet ved Sølvvarefabrikken på Nonneseter. Her bidreg Bybanen Utbygging til utviklinga av eit nytt byrom som skal løfte fram middelalderhistoria på staden.
 
Felles for oppdraga er behovet for god fagkompetanse, effektiv prosjektgjennomføring og dei rette folka til rett tid. 
 

Vil knyte til oss fleire sterke fagmiljø

Med dei nye rammeavtalane ønskjer Bybanen Utbygging å sikre rask og konkurransedyktig tilgang til kvalifiserte rådgjevarar når vi treng ekstra kapasitet eller spisskompetanse. 
Det er planlagt parallelle rammeavtalar med fleire leverandørar, og avtalane vil omfatte mange ulike fagområde og oppdrag med ulik storleik og kompleksitet
 
- Vi byggjer ikkje berre bybane. Vi får stadig nye og varierte oppdrag der det er behov for både sterk fagkompetanse og god prosjektgjennomføring. Med dei nye rammeavtalane ønskjer vi å knyte til oss fleire dyktige fagmiljø, slik at vi raskt kan hente inn rett kompetanse når vi treng det. For leverandørmarknaden betyr det høve til å bidra inn i eit spennande og variert spekter av prosjekt, seier Stig Hofstad Kjeilen, innkjøpsleiar i Bybanen Utbygging.
Stig Hofstad Kjeilen.jpg

 

 

Konkurransen kjem snart

Rammeavtalane skal bli eit viktig verktøy for gjennomføringa av både større og mindre prosjekt i åra framover. Oppdrag vil bli tildelte anten gjennom direkte avrop eller minikonkurransar mellom leverandørane.
Konkurransen er venta lyst ut i nær framtid. Meir informasjon om fagområde, krav og gjennomføring kjem i kunngjeringa