No starter oppbyggingen av det nye byrommet som planlagt klart våren 2027. Sjå video av denne prosessen fram til no.
Status for prosjektet
Nonneseterprosjektet har gjennomført ei vellukka rivingsfase og går no inn i oppbyggingsfasen. Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) er på plass for å gjennomføre planlagde arkeologiske undersøkingar ved korkapellet.
Oppstart av oppbygging
Arbeidet med å bygge opp byrommet startar tidleg i september.
Kva skjer først?
- Graving og etablering av fundament for kontaktleidningsmaster til Bybanen.
- Grunnarbeid knytt til mellom anna den nye trappa. Det planlegges for at arbeidet startar ved Kaigaten og vil gradvis bevege seg innover mot Bergen Storsenter.
Framdrift
Grunnarbeid og fundamenteringsarbeid vil halde fram fram til frosten set inn.
Når frostperioden er over, startar arbeidet med dei grøne elementa i prosjektet, mellom anna:
- planting av tre, buskar og annan vegetasjon
- etablering av pergola
Ver merksam
Langs heile fortauet ved Jernbanestasjonen er det sett opp tydeleg markering av ferdselsareal. Det er viktig at alle held seg innanfor desse markeringane. Det er godt skilta både for gåande og syklande, men særleg syklister blir oppmoda om å vise ekstra merksemd og tilpasse seg den nye trafikksituasjonen.
Vil du læra meir om Nonneseter? I denne lenka finner du ein filmsnutt som viser Nonneseter kloster i Bergen og livet der slik det var på 1100-tallet

Hvis du treng informasjon om rutetilbodet, sjekk Skyss sine sider
For spørsmål, ta gjerne kontakt:
Camilla Einarsen Heggernes
kommunikasjonsrådgjevar
Vestland fylkeskommune/ Bybanen utbygging
camilla.einarsen.heggernes@vlfk.no
