Nonneseter var eit av seks norske nonnekloster i mellomalderen. Området var del av eit større klosteranlegg med kyrkje, klostergard og bygningar for nonnene. Til våren startar arbeidet med å gje betre plass for reisande og byhistoria. Slik blir det også betre tilrettelagd for både syklande, gåande og kollektivreisane i sentrumskjernen
–Ein klar forutsetning for at vi får rive og bygge nytt byrom er at klosterbygningane frå middelalderen kjem betre fram. Byrommet skal gjerast ferdig rett i etterkant av rivinga, seier Geir Markhus, prosjektleiar i Bybanen utbygging.

Skånsom riving
Rivingsarbeidet skal gjerast manuelt og skånsamt med riveroboter. Tårnfoten og Korkapellet skal vernast og beskyttast under heile arbeidet. Og heile Sølvarefabrikken vil også bli dekka til med stålplater og stillas. Etter kvart som riving tek til, vil stillaset verta fjerna trinnvis.
Riksantikvaren, Byantikvaren, Fortidsminneforeningen og Vestland fylkeskommune har vore sentrale i den omfattande prosessen med å utforme det som skal bli det nye byrommet. Her kan du lese meir om korleis Bergens travlaste haldeplass no får meir tumleplass
Framdrift for arbeidet
Bybanen utbygging utfører arbeidet på vegne av Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. Arbeidet med riving vil starte 1. mars og halde fram til fellesferien 2026. Det vil bli endringer i området for gåande og reisande ved Bergen Storsenter og haldeplassen ved Nonneseter når arbeidet startar opp. Byggegjerder vil komma på plass, men her skal ein likevel kunne bevege seg i området mellom Bergen Storsenter og Bergen offentlege bibliotek. Haldeplassen ved Nonneseter, retning Fyllingsdalen og Flesland, vert stengd, samt fortauet ved Sølvvarefabrikken. Dette er grunna HMS og sikkerhetstiltak knytt til rivinga.
Gåande og reisande som blir påverka av arbeidet vil får god informasjon før oppstart av arbeidet. Ei oppdatert framdriftsplan vil komme på denne sida.
For spørsmål, ta gjerne kontakt:
Camilla Einarsen Heggernes
kommunikasjonsrådgjevar
Vestland fylkeskommune/ Bybanen utbygging
camilla.einarsen.heggernes@vlfk.no