No startar vi med grunnundersøkingar og synfaringar

Portrettbilde av direktør for Bybanen Utbygging Arve Tjønn Rinde

Prosjekteringsarbeidet for Bybanen til Åsane blir no synleg i bybildet.

Frå regulering til prosjektering.

Bybanen Utbygging er godt inne i prosjektering av Bybanen til Åsane etter vedteken reguleringsplan. No er det tid for å gjennomføra synsfaringar og fysiske undersøkingar for å kommer vidare i detaljeplanlegginga.

Bybanen Utbygging er ein prosjektorganisasjon i Vestland fylkeskommune som har i oppdrag å planlegge, prosjektere og bygge Bybanen til Åsane.
Utbyggingorganisasjonen har sidan juni jobba tett saman med ei prosjekteringsgruppe under leiing av COWI med Rambøll og Asplan Viak som underrågjivarar. Fagmiljøet på prosjektering har gjennomført fyrste fase i prosjekteringsoppdraget og etablert prosjekteringstrukturen basert på godkjent reguleringsplan med gjeldane føresegner.

Frå nyttår av går prosjektet inn i fase to der prosjekteringskonsulenter skal starte arbeidet med kartlegging av eksisterande infrastruktur, kunnskapsinnhenting rundt gjenbruk, utføre innmålingar, gjennomføre undersøkningar av grunnvatn, kartlegge behov for grunnundersøkingar, samt gjennomføre en rekkje sysfaringar saman med øvrige etatar, samarbeidspartnar og interessentar.

– Det som kjem til å hende framover er at vi stegvis blir meir synlege i bybiletet. Dei kontrekte oppgåvene som skal utførast er gjennomføring av ulike kartleggingar, målingar og undersøkingar, både over og under bakken og under vatn. Dette er eit arbeid som må gjerast no for å prosjektera føretrekt løysning og å identifisera restrisiko og mogligheiter for valde løysingar i reguleringsplanen. Undersøkingane framover skal også finne mest mogleg klimavennlege løysingar for regulert trase, sier prosjektdirektøren.

Rinde er medveten om at spørsmål om kvifor "Bybanen" jobbar i sentrum og på Bryggen vil nære noko utbyggingsorganisasjonen og konsulentane som jobber ute i gatene kan bli møtt med. Det er ei politisk bestilling å sikre at planlegging og prosjektering av regulert trase for byggesteg 5 skal gjennomførast  som planlagd for å sikre best mogleg kontinuerleg utbygging av Bybanen. 

– Det arbeidet vi gjer i prosekteringsafase er avgjerande for korleis vi skal løyse sjølve bygginga. Vår oppgåve er som alltid å levera på dei oppdrag vi som prosjektorganisasjon blir tildelt, seier Rinde.

Oversikt over kommande prosjekteringsaktivitetar