Hopp til hovudinnhald

Frå regulering til prosjektering: Kva gjer vi på akkurat no?

Illustrasjonen syner eit tverrsnitt av ei gate der Bybanen går tett på vegar og fortau i ein eigen trase, men er utan stengslar og gjerde for å gjere det enkelt å bruke bana.
Bybanen blir prosjektert og bygd som eit ope og tilgjengeleg system. Bybanen er ein del av byen med minst mogeleg bruk av rekkverk og stengslar.

Vi kan fyrst bruke ordet detaljplanlegging i staden for prosjektering.  For det er detaljplanlegging av den vedtekne reguleringplanen som er oppgåva vår no. Vi skal forstå føresegnene i reguleringsplanen, og så skal vi fortsette å finne ut kor vi treng meir informasjon for å forme bana riktig. Dette arbeidet inneber også fysiske synfaringar og undersøkingar.

Kva gjer vi konkret akkurat no?

Bybanen Utbygging med konsulentar og anna fagkompetanse kan bli synlege både i Bergen sentrum og på vegen mot Åsane i den vidare detaljplanegginga. Dette er tidslina med kjende aktivitetar

Vedteken reguleringsplan

Reguleringsplanane for Bybanen til Åsane, hovudsykkelrute og forlenga Fløyfjelltunnel blei vedtekne i Bergen bystyre 31. mai og 27. september 2023.

Prosjekterings- kontrakten startar

Oppstart hovudkontrakt prosjektering med ein prosjekteringsgruppe under leiing av COWI med Rambøll og Asplan Viak som underrådgivarar. Fagmiljøet på prosjektering har gjennomført fyrste fase i prosjekteringsoppdraget og etablert prosjekteringstrukturen basert på godkjent reguleringsplan med gjeldande føresegner.

Synfaringar og kartleggingar

Kartlegging av eksisterande infrastruktur, kunnskapsinnhenting rundt gjenbruk, utføre innmålingar, gjennomføre undersøkingar av grunnvatn, kartlegge behov for grunnundersøkingar, samt gjennomføre en rekkje synfaringar saman med øvrige etatar, samarbeidspartnar og interessentar.

Straksinnløysing av private hus

Når ein reguleringsplan er vedteken, har grunneigarar ei ubegrunna rett til å krevje straksinnløsning av sitt hus dersom den er kryssa av (dvs. skal fjernast) i reguleringsplanen. Denne rette omfattar heile reguleringsplanområdet frå sentrum til Vågsbotn.

Kvalitetssikring KS2

Bybanen byggetrinn 5 er kvalitetssikra med ein kostnadsramme på 18,2 millardar kroner. I tillegg er det identifisert fleire moglege kutt av kostnader.

Prosjektavklaringar

Vidare avklaringar knytta til finansiering og framdrift fram mot mogleg byggestart frå Åsane og sørover.

 

Kva er den vedtekne traseen?

Det er den vedtekne traseen som er grunnlaget for Bybanen Utbygging si prosjektering, og kartet under syner vedteken trase for Bybanen og sykkelveg som er ein del av byggesteg 5.  Statens vegvesen si forlenging av Fløyfjelltunnelen er ikkje med i kartet. 

YouTube - video frå reguleringsplansarbeidet

Den til no beste visualiseringa av Bybanen til Åsane er laga av Bergen kommune som ein del av høyringa til reguleringsplanen. Vi gjer merksam på at denne filmen vart laga til høyringa hausten 2022. I det reviderte planforslaget er det gjort mindre justeringar som ikkje er med i denne filmen. Mellom anna er det berre ein inngang til underjordisk stopp ved Sandvikskirken, inngang B går ut. 

Meir informasjon om og offisielle dokument knytta til reguleringsplanarbeidet finn du på miljoloftet.no

Kvar kjem pengane til prosjektering frå?

Budsjettramma Bybanen Utbygging arbeider ut i frå stammar frå midla knytta til Bypakke Bergen i Miljøløftet. Styringsgruppa sluttar seg til at det blir nytta bompengar til planlegging, prosjektering og grunnerverv for Bybanen Byggesteg 5 Sentrum - Åsane. Det kan nyttast inntil 102 millionar kroner i 2023 og inntil 251 milionar kroner i 2024 Bybanen til Åsane er tenkt finansiert primært av statlege midlar og bompengar. Styringsgruppa for Bypakke Bergen meiner at det førebuande arbeidet er ein del av dei samla prosjektkostnadene, og at midlane vil inngå som del av det samla bompengebidraget når den endelege finansieringa er vedteken.