Her skal vi gjennomføra undersøkingar våren og sommaren

Bilete av fire fagpersonar i gule verneklede rå Bybanen Utbygging på synfaringar i Sandviken.
Prosjekteringsleiar Arild Tveit og kontrollingeniør Stine Unneland i Bybanen Utbygging har vore på felles befaring med våre prosjekterande i Cowi. Dei nyttar GPS- målinger for å avgjera kvar ein skal utføra undersøkinger i grunnen.

I tida frå uke 17 og gjennom sommaren skal Bybanen Utbygging gjere ulike typar kartleggingar og grunnundersøkingar i grunnen i Bergen sentrum og Sandviken. Undersøkelsene kartlegger kva for masser som er i grunnen og avstand til berg. Alle som er grunneigarar i området er blitt varsla med brev.

Her er planen for kor vi jobbar, når vi jobbar og kva vi skal gjere:

 

Vi arbeider i desse områda i Sandviken: 


Veke 24 :  Bakkegaten nr 5  - Arbeid med kjerneboring skal starta opp i bakgården nær Frelsesarmeen. Status: Rigg er klargjort og oppstart vert måndag 10.juni. Arbeidstid er måndag til fredag 07-19 og laurdag 08-16

Veke 24: Det er noko gjenståande arbeid ved ulike punkt i Kirkegaten, Heien, Jens Rolfsens vei, Bakkegaten, Edvardsensvei og ett punkt på Meyermarken. Status: Planlagd oppstart måndag til torsdag kl 07-19

Her les du meir om kva – kvifor og korleis vi arbeider med grunnundersøkinger i byggeprosjekt.  
Oppdatert fremdriftsplan for arbeidet med grunnundersøkingane vil du finna på denne sida. Vi varsler ut berørte med ein sms kvar veke for det dei ulike punkta som skal undersøkast frå Sentrum til Sandviken. 

Kvifor gjer vi dette arbeidet no?

Vår jobb er å gjennomføre kartleggingar som skal gje svar på korleis vi kan planlegge for ein bane som kan byggast med minst kostnad, minst risiko og med minst påverknad for omgivnadene. Denne prosjektplanlegginga gjer vi etter vedteken reguleringsplan, og vi starta i juni 2023 med å kartlege området sentrum - Sandviken. Arbeidet vi gjer i dette området no heng saman med å kunne gjennomførekartleggingsarbeidet opp til eit visst nivå med kunnskap om  og eventuelle risikofaktorar om grunnforholda, slik at det eventuelt skal vere mogleg å ta opp att arbeidet igjen når trasevalet er avklart.

Samstundes med at vi gjer kartleggingar av grunnen i sentrum, så er det einigheit om å ikkje starte byggearbeid  i sentrum før ein har utført ein tunnelutgreiing. I tillegg har Vestland fylkeskommune varsla at Bybanen kan få ein endra framdrift ved å starte planlegging og eventuelt også bygging frå Åsane. Undersøkingane som vi gjer no er allereie nedskalerte til å omhandle dei viktigaste punkta og områda vi treng meir informasjon om.

Generell info om gjennomføringa av grunnundersøkingar

Støy og arbeidstider

Grunnundersøkingane blir utført mandag til torsdag i tidsrommet 07:00 - 19:00  Vi planlegg arbeida våre på ein måte som gir minst mulig støyulemper for bebuarane i nabolaget, og vi har som målsetting om å informere godt om arbeidet via nettstad og SMS-varsling. Arbeida vil vere av kort varigheit og med moderat støy. For alle typar spørsmål om arbeidstider og støy, kan du kontakte oss via nettskjema.

SMS - varsling frå Bybanen Utbygging

Bybanen Utbygging kan sende SMS - varslingar til relevante nabolag om arbeide som vi skal utføre. Med SMS treff vi direkte til dei det gjeld, og vi hentar telefonnummer frå Folkeregisteret. I SMS kan vi vise til denne nettstaden for meir informasjon ut over det vi har plass til i ein SMS. Merk at Bybanen Utbygging aldri vil be om personinformasjon i SMS eller vil kreve innlogging med brukarnamn eller passord. Vår epost er bybanen.utbygging@vlfk.no og telefon er 400 07 400 dersom naboar har spørsmål til SMS-varsling. Du kan lese meir om SMS og nettvett på https://nettvett.no/smishing-sms-svindel/  

Vedteken reguleringsplan

Reguleringsplanane for Bybanen til Åsane, hovudsykkelrute og forlenga Fløyfjelltunnel blei vedtekne i Bergen bystyre 31. mai og 27. september 2023.

Prosjekterings- kontrakten startar

Oppstart hovudkontrakt prosjektering med ein prosjekteringsgruppe under leiing av COWI med Rambøll og Asplan Viak som underrådgivarar. Fagmiljøet på prosjektering har gjennomført fyrste fase i prosjekteringsoppdraget og etablert prosjekteringstrukturen basert på godkjent reguleringsplan med gjeldande føresegner.

Synfaringar og kartleggingar

Kartlegging av eksisterande infrastruktur, kunnskapsinnhenting rundt gjenbruk, utføre innmålingar, gjennomføre undersøkingar av grunnvatn, kartlegge behov for grunnundersøkingar, samt gjennomføre en rekkje synfaringar saman med øvrige etatar, samarbeidspartnar og interessentar.

Straksinnløysing av private hus

Når ein reguleringsplan er vedteken, har grunneigarar ei ubegrunna rett til å krevje straksinnløsning av sitt hus dersom den er kryssa av (dvs. skal fjernast) i reguleringsplanen. Denne rette omfattar heile reguleringsplanområdet frå sentrum til Vågsbotn.

Kvalitetssikring KS2

Bybanen byggetrinn 5 er kvalitetssikra med ein kostnadsramme på 18,2 millardar kroner. I tillegg er det identifisert fleire moglege kutt av kostnader.

Prosjektavklaringar

Vidare avklaringar knytta til finansiering og framdrift fram mot mogleg byggestart frå Åsane og sørover.

Utset vidare prosjektering og bygging av Bybanen til Åsane

Fylkesdirektøren vil leggje fram ei sak for fylkespolitikarar og for styringsgruppa i Miljøløftet hausten 2024 for vedtak om korleis prosjektet og prosjektorganisasjonen skal halde fram.

Kontakt Bybanen Utbygging